mandag 11. juni 2012

Rekordpåmelding med 520 deltakarar på årets Jentebølge!!

Det vart rekord for årets arrangement med fantastiske 520 påmelde! Vi var superheldige med været, i år vart det sol og varme :) Det var berre blide fjes å sjå, alle kosa seg med god underhaldning av Christoffer Masters og koret "Berre Damer", mosjon og mange spennande trekkepremiar etter løpet. Ein stor takk til alle frivillige i Ørsta Alpin som bidrog, Topp Trening som varma oss opp og alle butikkane som ga oss flotte trekkepremiar! Og sjølvsagt takk til alle dokke som deltok :) Håper vi sjåast til neste år! Vi GLER oss!

torsdag 7. juni 2012

440 påmelde kvelden før!!

Då har vi bikka 440 påmelde torsdag kveld :) Fantastisk!! Dette er rekord for Ørsta :) Her er plass til fleire! Dokke kan fortsatt melde dokke på via denne linken inntil midnatt. Om du ikkje rekk det kan du møte opp i Vikegata for etterpåmelding frå kl 16.00-18.00. Her hentes også startnummer for dei som allereie er påmelde. Underhaldning startar kl 18.00 og oppvarming av Topp Trening kl 18.45. Løpsstart kl 19.00. (for meir info sjå tidlegare publiserte program)

onsdag 6. juni 2012

Påmelding

Vi er 350 påmelde hittil :) For dei som ikkje har meldt seg på enda følg linken eller meld deg på ved å betale inn kr 250,- for vaksen og 100,- for barn under 18 år til konto 3992 51 19028. Du kan også melde deg på fram til kl 18.00 løpsdagen mot eit etteranmeldingsgebyr på kr 50,-. Ta kontakt med oss på jentebolgen.orsta@gmail.com om du lurer på noko!

mandag 4. juni 2012

Sol i sikte for løpet på fredag!!

Det går mot deltakarrekord med over 300 påmelde allereie :) Meld deg på her

onsdag 30. mai 2012

Årets program

Her er årets brosjyre med program og oversikt over trekkepremiar. Vi har mange spennande trekkepremiar i år også :) Det ser forresten ut som vi går mot rekordpåmelding med over 200 påmeldte allereie! Og her er plass til mange fleire!!!
Meld deg på her i dag!